Avansert søk


Ny nyhetsartikkel

Oppstart Bridge 2019/2020 mosjøen BK

Singelmester også i år fra RBK

Denne pokalen ble i år vunnet av Henning Lauritsen, som vi gratulerer så mye som vinner av kretsens sommerfinale 2019!  Her ser du resultater fra dagens kretsturnering: KM-singel Østerdal 2019

Leikanger Bridgelag 2019-2020

Leikanger Bridgelag startar opp igjen spelinga måndag den 9. september 2019 i kantina i kommunehuset kl. 1745. Vel møtt til eigne medlemar, til eventuelt nye som vil prøve seg ved bridgebordet og til spelarar frå andre lag/klubbar.

Som tidlegare vil Jan Arild også denne sesongen hjelpe til om det er nokon som manglar makker. Jan Arild treffer du på telefon 48147699, og det er ein fordel om du tek kontakt i god tid før spelestart.

Som terminlista viser, skal vi også denne sesongen arrangere haustturnering, nyttårscup og vårturnering. Spelarar frå andre klubbar er velkomne til å delta i desse turneringane, men for å få tildelt eventuell premie er det krav om å melde seg inn i Leikanger Bridgelag som tilknytt medlem. Dette medlemskapet kostar kr. 50,- pr. år.

Gjeldande reglar for dei nemnde turneringane:

Haustturneringa

Denne går over fem kveldar føre jul. Dei tre beste kveldane samanlagt med same makker tel. Premiering til dei tre beste para.

Nyttårscupen

To kveldar før jul og to kveldar etter nyttår. Dei tre beste kveldane samanlagt for ein spelar eller eit par med same makker tel.

Vårturneringa

Denne turneringa har same reglane som haustturneringa.