Avansert søk


Seriemesterskapet - 4. plass til M&R i 1. div.

2. divisjon. Trass god sistekamp klarte laget diverre berre 9. plass. Ein plass høgare og dei hadde klart seg. Resultatservice her. Av sunnmøringar på laget finn vi Kenneth Skov og Oddbjørn Vinjevoll. Av reservesunnmøringar finn vi Haldor Sunde. Ellers spelar også Tina Ovenstad og Jørund Årdal på laget.

4. divisjon (Ålesund). Vestnes/BK Grand vann! På det laget spelar Anne Berit Moldestad, Rune Skodje, Bjørn Tore Storsten, Gunvald Fauske og Morten Eggen. BK Grand 1 og Brattvåg&Søvik kom på dei påfølgjande plassan. Resultatlista ligg her. 



4. divisjon (Kristiansund) Molde vann (Stokke,Rausand,Lange, I Grimsmo) vann 4. div. Dei vann med 161vp, Møstknektene (Stene, Reitan,Dyrnes,Flatøy,Kofoed) 156vp på andre, KBK 2 (Biesmans, Biesmans,Folland,FLO,Taknes) 155 vp på tredje. Resultatliste her. 

1. divisjon. Møre og Romsdal 1 avanserte ein plass frå forrige helg og hamna til slutt på fjerdeplass - Tapte bronsen på innbyrdes.. På laget spelar Terje Lie og Espen Kvam frå Ålesund. Med seg har dei Roar Voll og Nils Kåre Kvangraven. Resultatservice 1. divisjon her.

3. divisjon (Møre&Romsdal-laga). Lag Haram vann med kaptein Haram, Tommy Skodje, Torstein Hesseberg, Arnt Vaagsæter og Arnt Ola Fidjestøl. Lag Ødegaard med Hallvar Helset, Jon Terje Storsten, Gunnar Ødegaard, Svein Jarle Bjerkevoll Torbjørn Amdam på 3dje plass. Resultatliste M BUTLER  her.

Ingeborg og Terje kretsmester for mix etter sterk sluttspurt

Førehandsfavorittane Ingeborg Grimsmo og Terje Lie Skåla BK/BK Grand er årets krinsmeistra i bridge for mix-par. Dei vann føre BK Grand paret Anja Wold og Eirik Natvik og Fride Doran - Petter Haram, Brattvåg&Søvik/BK Grand. Gratulerer til alle.

Resultatservice her.

Eirik Natvik vann påskesingelen i Ålesund

Eirik Natvik vart singelmeister i påska. Einaste som var i nærleiken av å slå han var wonderwoman Anne Berit Moldestad. På tredje palltrinn var Rune Skodje.

Resultatservice her.

Sunndalsøra og BK Grand på seierspallen

Steinar Ekren og Terje Lie, Sunndalsøra/BK Grand vart kretsmestra 2009. Dei leia frå start til mål. Med seg til finalen på Lillehammer får dei sunndalsøringane Odd Roar Smisetfoss og Steinar Ovrid som kom på andreplass og BK Grand-spelarane Tommy Skodje og Petter Haram som kom på tredjeplass.

Skryt også til Molde BK som hadde eit flott arrangement i flotte lokaler.

Sluttresultat her.

KM-lag resultater - Lag Lie kretsmeistra

Lag Lie vart kretsmeistrar for lag 2009 i det som må seiast å ha vore eit vellukka arrangement. Dei vann føre lag Vestnes og lag Fosnavåg. Andre og tredjeplass vart avgjort på kvalitet. På lag Lie spelte Terje Lie, Hallgeir Hartvigsen, Lars Ove Remvik, Eirik Natvik og Odd Egil Skodje

Fullstendig resultatliste med butler ligg her

Kvalikken:
Resultata inkl. butler frå Ålesund ligg her.

Resultat frå Kristiansundpulja ligg her.

NM-lag 2009 - BK Grand slo Heimdal 2 og er vidare til 6. runde

BK Grand slo Heimdal 2 21-9 i VP. Heimdal stilte m.a med ein europamester. Så dette var sterkt. På laget som slo Heimdal spelte for anledningen Terje Lie og Espen Kvam samt Tommy Skodje og Petter Haram.

BK Grand møter Stavanger 2 i 6. runde. Siste runde før finale.

Øvrige resultat frå 5. runde her.

Ulstein Bridgeweekend 2009 avlyst!!

Det vert diverre ikkje arrangert turnering i Ulstein til hausten. Årsaken er enkel. Det har ikkje lukkast å få ei deltaking dei siste åra som gjer det mogeleg å få turneringa til å gå i pluss. Dette syns vi er trist. Særleg fordi vi har ein del "faste deltakarar" som vi har gledd oss til å sjå igjen.

Så får vi sjå om vi prøver igjen i 2010 

Universitets-VM 2010

Universitets-VM 2010

Universitets-VM arrangeres 12.-19. juli 2010 i Kaohsiung, Taiwan.

Nedenfor følger informasjon på engelsk, mottatt fra WBF.

Bjørn Ivar Lange og Helge Bremnes vann suverent i Brattvåg

Det var Aston-Villa fanatikaren Bjørn Ivar Lange som endeleg fekk noko å glede seg over då han saman med Helge Bremnes vann påskebridgen i Brattvåg i suveren stil. Det gjorde dei foran Terje Lie og Eirik Natvik og Arnt B. Vaagsæter og Christen Midtlid. Resultatservice her.

Universitets-EM

Universitets-EM

Croatian National University Sports Association i samarbeid med European Universities Sports Association og European Bridge League arrangerer Universitets-EM i Opatja, Kroatia, 4.-10. oktober 2009.

Påmelding via Norsk Studentidrettsforbund.